Påskeeggjakta

Påske-aktivitet for små og store i Judaberg sentrum med påskequiz

Aldersgruppe: For alle

Bli med ut på tur! 
Påskeeggjakt med quiz
startar på f.eks Coop Extra og fortsetter rundt omkring i Judaberg sentrum. 
Korleis bli med:
Trinn ein, last ned ”Trimpoengappen”
Trinn to, velg konkurransen ”Finnøy og Rennesøy topptur 2024” 
Her inne finn du påskeeggjakta. Det blir kåra vinnarar blant dei som har funne alle dei 14 postane.

Send inn, eller lever svar på oppåvene til innbyggartorget eller biblioteket.


Under kan du lesa historien frå påsken 2021 og avslutningen som blei send inn av Silje Klakegg.  

Skive av Hjørdis Halleland Mikalsen


JAKTA PÅ GULLEGGET

Hei du! 

Du, ja! 

No skal eg fortelje deg ein løyndom.

Kan ikkje høner snakke seier du?! Det kan dei vel. 

I alle fall kan eg det. 

Du skjønar det, eg er inga vanleg høne. 

Eg bur på hønsefarmen til Oddrun Merete på Hopen på Finnøy saman med hundrevis av andre høner. På Hopen har me det fint og får mat, husrom og kjærleik.  Til gjengjeld får Oddrun Merete alle egga me legg. Og det er ikkje reint få. 

Men det ho ikkje visste – er at eg kvar påske legg eit gullegg!

Men no veit ho det. 

Det var aldri meininga at Oddrun Merete skulle finne ut om gullegga, men akkurat denne påska kom ho overraskande på meg akkurat idet eg la gullegget. 

Ho blei ellevill.

«Eit ekte gullegg! No bli eg rik», ropte Oddrun Merete og tok frem telefonen. 

«Eg ringjer til Ryfylkekokken. Han har alltid hatt lyst til å lage ei gullomelett, og kjem sikkert til å betale minst ein million kroner for dette egget».  

Eg var nær ved å dette av vaglepinnen min. 

Ein million kroner! 

Aldri i livet om gullegget mitt skulle bli omelett i Ryfylkekokken si steikepanne! 

Medan Oddrun Merete stod med ryggen til tok eg egget og sneik meg ut den opne døra.

Men kvar skulle eg ta vegen?

Eg hadde høyrt at det var mange hus på Judaberg. Kanskje eg kunne finne ein stad å gøyme egget mitt der?  

Så eg byrja gå.

Eg gjekk. 

Og eg gjekk. 

Det var langt frå Hopen til Judaberg. Og gullegget var tungt å bære. 

Plutselig kom det ein raud bil med gul stripe køyrande.   «Posten» stod det på den. Ei dame gjekk ut og putta brev og aviser i ei lita grøn kasse.  

Ho skal sikkert til Judaberg, tenkte eg og hoppa inn i bilen. 

Det viste seg å stemma, for få minuttar seinare stansa bilen. Eg hoppa ut og blei ståande å måpa. 

Dette måtte være Judaberg. Det var jo rene metropolen!

Men eg hadde ikkje tid til å stå her og gapa med nebbet. Eg måtte leita etter ein gøymestad. Eg sneik meg rundt eit hushjørne, og var nær ved gå rett på politikonstabel Svend Erik. Han stod å snakka i telefonen: 

«Kva er det du seier, Oddrun Merete?! Har du ei høne som legg gullegg?! Og nå har ho stukke av? Det er det verste eg har høyrt. Ja, me skal sjølvsagt arrangere ein storstilt leiteaksjon». 

Å nei! 

No var politiet etter meg og. Eg måtte gøyme meg - og det fort. 



Eg såg meg rundt, og fekk auge på eit stort murhus. Innbyggertorget, stod med store bokstavar på eit skilt. Kanskje eg kunne gøyme gullegget mitt her? Eg smatt inn døra.  Kan tru det var fint der inne. Grøne planter, benkar med saueskinn og små bord med stolar. Det lukta nytrukken kaffe og rundt borda satt det folk og prata. Eg sneik meg inn og såg meg rundt etter ein gøymestad. Med eit gjekk ei dør opp og ut kom ein mann i kvit trøye, forkle og en rar høg hatt. Hjarta mitt gjorde eit hopp i brystet. For eg visste altfor godt kven dette var. Ryfylkekokken! Han som ville lage gullomelett av egget mitt. Eg hadde spankulert rett inn i løvas hole! Heldigvis kunne han ikkje sjå meg der eg stod bak ei plante. Så snart han snudde ryggen til sprang ut gjennom døra. Phu! Det var nære på! 



Nei, eg måtte sjå meg om etter ein annan stad å gøyme egget mitt. Eg la merke til eit lite kvitmåla hus som låg for seg sjølv lenger oppe i bakken. Det såg koseleg ut. Kanskje eg kunne gøyma meg der? Eg la i veg opp bakken. Det var eigentleg ein underleg stad, utanfor stod det fleire skulpturar og statuer. Nokre av dei såg litt skumle ut. Eg fann eit vindauge og kikka inn. På veggane hang fleire flotte fargerike bilete. Viss eg berre kunne kome meg inn, men vindauga var lukka og døra var låst. På eit skilt stod det «Alarm» med raude bokstavar. Eg visste kva ein alarm var. For det hadde Oddrun Merete i hønsehuset. Dersom uvelkomne prøvde å ta seg inn ville det utløysa ein høg lyd, og politiet ville koma. Eg sukka. Her kunne eg heller ikkje bli.   Eg måtte vidare. 

No var eg ganske lei av å være på rømmen. Men eg kunne ikkje gje opp. Eg måtte finne ein gøymestad. 


Eg traska nedstemt vidare. Også det neste huset eg kom til var låst, men til mi store glede var det ei lita luke ved sida av inngangsdøra. Den var akkurat stor nok til at eg klarte å presse meg inn. Forundra såg eg meg rundt. Så fint det var her inne. Det var hyller med bøker overalt, og det var innbydande stolar og mjuke tepper. Eg var så oppteken av å sjå på alt rundt meg, at eg eg  ikkje oppdaga dama som kom bort til meg. 

«Kven er du for ei», spurde ho. 

Eg hoppa høgt. Å nei. No var løpet køyrd, tenkte eg. 

Men dama, som sa ho heite Merete og var bibliotekar, såg snill ut. Kanskje ho kunne hjelpa meg? Eg bestemde meg for å fortelje henne alt. Om Oddrun Merete, politikonstabelen og Ryfylkekokken som var ute etter meg. Dama lytta, og verka ikkje det minste forskrekka over å møte ei snakkande høne som kunne legge gullegg. 

«Stakkars vesle deg», sa ho. 

Brått høyrde me eit rabalder utanfor. Der stod Ryfylkekokken, politimannen og Oddrun Merete og dundra på døra. Merete gjekk bort for opna, og heile den vesle forsamlinga velta inn. 

«Har du sett ei høne med eit gullegg», spurde dei i munnen på kvarandre. 

Merete sette opp ei streng mine. 

«Nei, det har eg ikkje! Og de kan ikkje berre storma inn her. Dette er eit bibliotek. Her likar me ikkje bråk», sa ho og føysa alle tre ut døra. 

Diverre fekk ikkje eg med at dama frå biblioteket ikkje sladra på meg. Eg blei nemleg så redd då eg såg dei tre som jakta på meg, at eg sprang ut bakvegen så fort beina kunne bere meg.   

No byrja eg bli å bli sliten av all leitinga. Men eg måtte ikkje gi opp. Eg måtte finne ein stad å gøyme gullegget mitt.


 Eg såg eit nytt stort hus ikkje langt frå biblioteket. Det såg ikkje ut til å være nokon der. 

Huset hadde mange dører. Den store inngangsdøra var låst, men ei av side dørene stod på gløtt. Eg sneik meg inn, og kom inn i ein diger hall, nesten like stort som hønsehuset til Oddrun Merete.  I den eine enden av rommet låg ei stort, tjukk madrass. Kunne eg gøyme egget her? Eg hadde ikkje før tenkt tanken så gjekk døra opp og inn kom ein heil flokk med skulebarn. De skreik og skråla og kasta ballar til kvarandre. Her kunne eg ikkje bli! Leitinga etter ein eigna stad å gøyme egget var ikkje over. 


Ferda gjekk vidare, og eg kom til eit hus som såg ganske nytt ut. Eg gjekk bort til eit av dei store vindauga som stod på gløtt.   Det var hektisk aktivitet der inne. På kontora sat det folk og klapra i veg på datamaskinar. Med eit peip det i telefonen. Ei dame svara: «Hallo, det er Øyposten, du pratar med Oddbjørg. Å hei Oddrun Merete! Nei, kva seier du? Har du ei høne som legg gullegg! Og no er både høna og egget borte!? Oj, oj, oj. Dette er litt av en sensasjon! Kvinna sprang inn på nabokontoret medan ho ropte: «Rune, rydd framsida. Me har ei kjempesak!» 

Å nei, no viste lokalavisa at eg hadde stukke av med egget! Snart hadde eg vel  heile Finnøy i hælane. Eg måtte komme meg bort. Og det fortare enn svint. 


Eg sprang det eg kunne ned mot kaien. Der såg eg eit koseleg raudmålas hus heilt ute på kaikanten. Kanskje det var redninga? Døra var open og eg gjekk inn. Så koselig det var her. Og det dufta så godt. Eg kjende at det rumla i magen min. Ei kvinne stod og rørte i eit stort kar medan ho nynna og song. Dama såg hyggeleg ut. Kanskje ho kunne ta vare på egget mitt? Eg hadde ikkje før tenkt tanken før dama tok opp eit egg, knuste det og slapp det opp i karet. Så knuste ho eit til. Og enda eit. Eg snudde brått og styrta skrekkslagent ut av døra. Her kunne eg ikkje bli. Noko så forferdeleg. Tenk å knusa egga!


No var eg i ferd med å gje opp alt. Eg kom aldri til å klare å finne ein gøymestad for meg og gullegget mitt. Brått kom ein bil køyrande i full fart. Det var bokbilen! Den stoppa ved sida av meg, døra gjekk opp, og der sat den snille bibliotekaren Merete!

«Fort deg! Hopp inn!», sa ho. 

Eg var ikkje vanskeleg å be. 

«Du er ikkje trygg her på Finnøy. Her er det mange som er ute etter deg. Difor skal du få bli med heim til Fogn», sa ho medan ho styrte den store bilen i retning ferjekaien. 

«Hjå meg er du trygg. Der er det berre ein ting du må vakta deg for», sa Merete medan me køyrde om bord på ferja. 

«Kva då», spurde eg forundra. 

«Reven», svara ho. 

Eg kjende fjæra reise seg på kroppen min.

«Reven», spurde eg med skjelvande røyst. Sidan eg var liten kylling hadde eg fått høyre at reven var farleg for høner. Dei gamle hønene hadde fortald skrekkelege historier om revar som fanga og åt høner. 

«Ja, fognareven. Han er litt av ein luring. Han må du halda deg unna. Men ikkje vær redd, hønemor. Eg skal passa på deg». 

Eg sukka Ja, ja, fognarev eller ikkje. I det ferja la frå kai på Judaberg kjende eg likevel at eg kunne senke vengene eit hakk. Merete skulle passe på meg. Hadde eg klart å koma unna både politikonstabelen, Ryfylkekokken, Øyposten-journalisten og Oddrun Merete, så skulle eg vel klare å kome unna fognareven og! Eg lukka auga. No trong eg verkeleg ein høneblund.   


Korleis trur du det går med høna på Fogn? Møter ho den lure fognareven? Skriv eit dikt eller ein tekst – eller send inn ei teikning………

Historia til Silje:

Fortsettelse kapittel 7

Eg sov riktig lenge og vel, og då eg vakna, var det natt.

«Er me på Fogn, no» spurde eg Merete som framleis sat bak rattet i bokbilen, men ho rista på hovudet og sa at det var langt igjen. Ho fortalde at ferja ikkje lenger gjekk som i gamle dagar. 

«Ferjene våre forureinar for mykje, sa ho. «Politikarane i Rogaland har bestemt at ferjene ikkje får lov til å starte motorane sine. Ferjemannskapet må ro ferjene over til Fogn no for tida, og difor tek det så lang tid å komme seg dit».


Eg bruste med fjæra mine då eg høyrde det. Sånt eit usosialt vedtak. Men Merete roa meg og fortalde at ferjene berre går ein gang om dagen no, så ferjemannskapet får masse tid til å kvile etter roturen. 


«Det er sikkert fint heime hos deg» sa eg til Merete, «og det er i alle fall trygt nok, når korkje Ryfylkekokken, Oddrun Merete eller politimannen kjem seg over før tidlegast i morgon». 

Det var ei fin natt, og Merete og eg sat ei stund ute på dekk og kikka opp på stjernene som glitra over himmelen. Eg fekk kjensla av fellesskapet som Stavanger kommune byggjer.

«Du og eg, Merete», sa eg, og ho svara «Du og eg, høna». 


Etter langt om lenge og lenger enn langt, såg me lys i horisonten, og langsamt segla me inn mot Fogn. Endeleg var me framme, og eg gleda meg til å sjå korleis Merete hadde det heime hos seg. Då me hadde lagt til kai, køyrde me i land og fortsette reisa vår langs smale vegar, forbi eit tomatslott og ein skule, og plutseleg var han der. Det var ei kald natt og vegane var isete og glatte, og Merete såg for seint at Fognareven raska over isen, så ho klarte ikkje å unngå å køyre på han. Ho gjekk ut av bilen for å sjå korleis det gjekk, og eg klarte å samle mot nok til å følgje etter. Han er nok daud, tenkte eg, og de daude kan ikkje drepe, eg er trygg, Merete passar på meg. Eg såg den raude halen med kvit tipp stikke fram frå under bilen, og høyrde ei grov røyst synge lågt: «Eg heiter Mikkel Rev, har revenesegrev, og revesvans og vakker pels og går på tærne hev».

«Han lever» sa Merete, «men eg trur ikkje at han er heilt i vater».

Me drog han fram og spurde han om han visste kor han var.

«I Hakkebakkeskogen», sa han, «er det de som er bestemor Skogmus og Ugla?»

«Det er best me køyrer han til Marita, dyrlegen», sa Merete. Ho bur rett i nærleiken. 


Me køyrde vidare og var snart framme. Heldigvis var Marita heime, og ho var på jobb, for ho hadde fått inn ein hastepasient midt på natta. Ho tok oss godt i mot, og sa at ho straks var klar til å sjå på reven som framleis låg og song i armane til Merete. 

Ein hane hoppa ned frå bordet til Marita i det me kom inn. 

«Hei», sa han «eg er Hanemann frå Hanasand. Eg var litt uheldig, prøvde å fly, datt ned, måtte sy. Men nå er eg god som ny».


Han var ein riktig vakker hanemann, og eg slo ut med vengjene og fortalde han at eg heiter Høne, og at eg var på rømmen med gullegget mitt, og at eg no skulle få bo hos Merete. Då slo han ut med sine vengjer og sa at ei gullhøne som meg måtte bo i hønsehuset hans på Hanasand, og dit drog vi allereie neste dag. Så lukkeleg har eg aldri vært, me gifta oss snart, Merete var gjest og Ryfylkekokken laga maisbrød til oss. Gullegget fekk han aldri sjå igjen, men eg viste det stolt fram då Oddbjørg frå Øyposten tok bilete i bryllaupet, for aldri hadde dei hatt slikt et stort og flott bryllaup på Hanasand. Dette ville nok selje mange aviser. 


Nokre dagar seinare, var Marita jordmor då dei mange kyllingane som i eggene låg, banka og banka og banka på, og ut kom kyllingar, gule og små.

Hanemann og eg var kykkelykkelege som aldri før. (Det gjekk bra med Fognareven og).


Snipp snapp snute, så var eventyret ute. 


Skrevet av Silje Talgø Klakegg





2024 © Finnøy frivilligsentral